Det var ein genetisk verdifull ulv som vart skoten i Sykkylven tidlegare i juni.
Det viser DNA-analysen som Rovdata har utført. Ulven vart felt av eit jaktlag i Sykkylven 5. juni.
Ulven stamma frå eit finsk-russisk ulvepar som emigrerte til Norrbotten i Sverige vinteren 2012/13. Genetisk er dette paret og deira avkom ulikt den skandinaviske ulvestammen.
Det er ein av desse kvalpane som i vår vandra vestover til Stranda og Sykkylven.
Var det rett å felle ulven? Sei di meining
– For ulvebestanden hadde det vore gunstig om denne ulven hadde fått lov til å leve. Ulven i Skandinavia har sterk innavl. Denne ulven var eigentleg friskt blod, seier seniorforskar Øystein Flagstad i Rovdata.
Fleire titals døde sauer og lam vart funne, drepne av ulven. For sauebøndene i området var det avgjerande at ulven vart tatt hand om.
Naturvernforbundet er blant dei som har vore kritisk til felling av ulven. Fagrådgiver Arnodd Håpnes sa at til Smp.no at arvematerialet til ulven burde vore sjekka først.
Norska >smp.no
(FOTO: MARIUS MYKLEBUST)